Gota hyttefelt

Gota (Gjerdsvika) - 2 byggeklare hyttetomter til salgs! 4 solgt!
6083 Gjerdsvika

Tomtene er byggeklare og vert seld ferdig grovplanert. Når hyttene blir bygd, må det gjerast litt grunnarbeid rundt hyttene slik at desse får sitt eige naturlege uteområde. Kjøpar må derfor rekne med å betale for litt for å kunne utføre resterande grunnarbeid for ny hytte ut i frå plassering og storleik av den nye hytten på tomtene.

Vi kan tilby kjøpar ein gunstig totaltpris med tomtekjøp og grunnarbeid gjennom avtale med B. Tarberg As.

Veg fram til hyttetomtene, med stor og god snuplass, og felles parkeringsplass. Infrastruktur, vatn, avløp, straum og fiber ligg fram til tomtegrensene.

God hastigheit på internett for surfing og heimkontor ved bruk av fiber.

Daglegvarebutikk, bensinstasjon og renovasjonspunkt for hytter ved Coop Gjerdsvika (2.5 km frå hyttene), 4 min med bil.

Området er regulert i vedtatt plan for "Gota hyttefelt" som seier noko om kva type og størrelse på hytter du kan bygge her.

Det er ingen byggefrist ved kjøp av hyttetomt. Kjøpar må nytte entreprenør B. Tarberg As for grunnarbeid med hytte fram til ferdigattest. Grunnarbeid til avtalt fastpris med entreprenør.


Sjå bilete av hytta som er levert av Wilbergs Group AS under.

Beliggenhet

Tomtene ligg ved storhavet i Gjerdsvika. Vill og vakker natur, med sjøen som bryt mot fjøresteinane framfor stoveglaset. Panoramutsikt frå hytta og terrassen ut mot havet framom. Frå hyttene har du utsikt til solnedgongen i havet.

Kort veg til fine fjellturar på Gurskøya. Fine stiar frå Hidsdalen og Sædalen i nærleiken. Perfekt for friluftsliv og lange gåturar.
Urørt naturterreng mellom hyttene og sjøen.

Det er mogleg å kome seg ut for å padle med kajakk fra utskipingsplass ca. 50 meter frå hyttene.


Utskipingsplass for kajakk omtrent 50 meter frå hyttetometene.


Generelt

Alle tomtene er frådelt og oppmålt.
Omkostninger med dokumentavgift og tinglysingsgebyr kjem tillegg til kjøpesum.
Dokumentavgift og tinglysingsgebyr dekkast av kjøpar.
Øvrige kommunale avgifter og abonnement for el/tele dekkes også av kjøpar.

Kjøper eig 1/6 andel i felles privat veg, parkeringsplass og infrastruktur. Gnr. 2, bnr. 28.

Tomtene seljast til høgstbydande over prisantydning.

Bud sendes skriftleg til:
post@btarberg.no

Spørsmål til tomtene kan rettast til

BT Utbygging AS
v/Aleksander Zahl Tarberg
E-post: aleksander@btarberg.no
Telefon: 466 74 461

Vi samarbeidar med Wilbergs Group AS som har levert hytta som har komt opp. Kontakt Monica Wilberg dersom du vil vite meir om hyttene dei kan levere, tlf: 998 78 805

Tomtene seljast slik dei er, jfr avhendingslova.

Tomtekart



Tomteinformasjon og pris

Tomt 5 (2/33):

Areal: 515 m2
Utnyttingsgrad: 35 % 
Tomtepris: 500.000,-
+ Dokumentavgift til staten: (2,5 % av kjøpesum):       
+ Tinglysingsgebyr skøyte kr.585,-

Tomt 3 (2/31):

Areal: 581 m2
Utnyttingsgrad: 35 %
Tomtepris: 500.000,-
+ Dokumentavgift til staten: (2,5 % av kjøpesum):       
+ Tinglysingsgebyr skøyte kr.585,-

 

 

Regulering

Hyttetomter

Matrikkelinformasjon

Gårdsnr: 2 Bruksnr: 28

Sande kommune

Previous
Previous

Sundgotlegene

Next
Next

Myrvågtoppen